Tolken og sosiale medier

Tolken og sosiale medier

Stadig meir informasjon vert delt gjennom sosiale medier. Dei er overalt, og “alle” er på dei. Facebook, Twitter, Google+ er berre nokon eksempel på slike nettstadar, som fungerer som arena for utveksling av bilder, kommentarar, statusoppdateringar m.m.

Som tolkar er me underlagt strenge etiske villkår. Me opplever å få tilgong til store mengdar informasjon når me er på oppdrag, og har ei svært streng teieplikt. Samstundes er dei fleste av oss, underteikna inkludert, del av desse sosiale media som deler alt med alle. Dette må då være eit etisk minefelt! Eller?

For kvar går grensa? Kva er greitt å dele når det gjeld jobbrelatert informasjon? Mange bruker til dømes “at”-funksjonen på Facebook, som viser kvar personen bak profilen er for øyeblikket. Dersom denne vert brukt når ein er på oppdrag kan det i enkelte tilfelle røpe både spesifikk oppdragsstad og tolkebrukar. Dette fordi miljøet er så lite. På den andre sida, dersom ein skriv at ein er på jobb i Oslo, der det bur svært mange døve, røper det ikkje noko med tanke på oppdraget ein skal på. Eller, kva viss ein tek det eit steg vidare? Å til dømes skrive noko om oppdraget, personar på oppdraget både i negativ og positiv forstand, vil av mange bli sett på som brot på teieplikta. Det er svært viktig at tolkebrukarar skal kunne være trygge på at informasjon som kjem fram under eit tolkeoppdrag ikkje vert spreidd vidare til andre.

Tolkar praktiserer dette ulikt. Nyleg arrangerte Hordaland Regionlag tolkesamling i Bergen, der tema var nettopp dei nye retningslinjene for etikk og yrkesutøving. Og då kom blant anna denne diskusjonen opp. Nokon tolkar var, for å sitere, «blodnazi» på dette området og la ikkje ut noko som helst jobbrelatert informasjon, medan andre meinte at det fins nyansar i dette. Men likevel, det verka som om alle var enige om at det er viktig å være bevisste når ein bruker sosiale medier. Ein bør ikkje dele informasjon ukritisk, og det var einighet om at dersom ein er usikker på om noko er greitt å dele er den uskrivne regelen; la det være.

Så er det nokon som spør; kan brukar av våre tenester fri oss frå teieplikta gjennom å seie at me får lov å leggje ut bilete? Dette kan og verte etisk utrygt å begi seg ut på. Kva om ein då legg ut bilder, og seinare skriv/snakkar om oppdraget i den tru at ein er friteken frå teieplikta, men brukar berre meinte at bilder kunne leggjast ut? Eller, kva med å bruke sosiale medier til å skaffe seg co-tolk? Det er klart at det er synd når oppdrag ikkje vert dekka pga at berre ein tolk har meldt seg, men kan ein då ta saka i eigne hender og leggje ut informasjon om oppdraget for å få andre tolkar interesserte?

Ei anna side ved dette, som me ikkje kan styre like mykje, er når tolkebrukarar legg ut ting som berører oss når me er på jobb. Det kan være både bilete og tekst, og sidan tolkebrukar ikkje har nokon teieplikt å overhalde er dei i sin fulle rett til å leggje ut kva dei vil. Men det kan likevel opplevast ubehageleg for oss, og kva gjer me då? Bryt me teieplikta dersom me til dømes kommenterer på bilete av oss sjølve lagt ut av brukarar?

Me i Etikkutvalet kan diverre ikkje gje dykk fasiten, og som me alle veit er det ofte vanskeleg å bedømme eit etisk dilemma før ein står midt oppi det. Me trur likevel at me som tolkar er betre rusta til å ta desse avgjerdslene når me står i situasjonen, dersom me har reflektert over og diskutert desse tema på førehand. Me ønsker å setje fokus på dette og gje forbundet sine medlemmar eit fora å diskutere i. Bruk difor kommentarfeltet flittig, og gjerne også diskusjonsforumet her på sida. Samstudes oppfordrar me heile tolke-Noreg til å diskutere vidare på tolketenestane, i Regionlaga, når me møtes på oppdrag og gjerne på fritida og!

Administratorprofil for Tolkeforbundets nettsider. Skriver sjelden noe som helst, og svært lite selvstendig. Alt jeg gjør har noen andre gjort. - Takk til de!

Leave a Reply

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord