Nytt frå Hordaland regionlag

Nytt frå Hordaland regionlag

Sumarferien er over, og kvardagen er i gang igjen. Her kjem ein presentasjon av det nye styret i Hordaland regionlag og planane våre for hausten.

Leiar:   Merete Larsen Jansen

Nestleiar:   Ingrid Johannessen

Sekretær:   Elisabet Trengereid Olsen

Kasserar:   Linn Helen Torsvik

Styremedlem:   Ina Kristin Lauritzen

Vara:   Kjersti Skagen

Årets fyrste fysiske styremøte i Hordaland regionlag vart gjennomført 20.8, og det kan sjå ut til at regionlaget sine medlemmar har mykje spanande å sjå fram til i haust.

Styret planlegg å gjennomføre ein fagkveld i løpet av oktober/november, detaljane rundt sjølve planlegginga er endå ikkje heilt klare, men me ynskjer å ha «Visuell kommunikasjon» som overordna tema for samlinga. Dette tema famnar vidt, og det er her fleire underpunkt å ta tak i. Me kjem ut med meir informasjon, dato og stad så snart det er klart.

Regionlaget vil halde fram med Tolkepils kvar fredag etter lønning. Dette arrangementet vil bli lagt ut som hending på Facebook og medlemmane våre vil få ei påminning på epost. Me håpar så mange som mogeleg set av tid til prat og sosialt påfyll!

Tolkepilsen i november vert bytta ut med julebord. Me gjer dette til eit større arrangement med middag på ein av restaurantane i byen. Det vil bli bindande påmelding til julebordet, og me håper så mange som mogeleg har lyst til å vere med. Nærare informasjon om endeleg dato og stad vil kome så snart alt er klart, men me ser for oss at fredag 16.11 kan vere aktuell. Vel møtt!

Fysisk aktivitet er viktig og styret har lyst til å arrangere faste treff der ein kan trene i lag. Det kan gjennomførast forskjellige aktivitetar, alt frå ballspel til fjellturar. Styret vil utarbeide ein årsplan med aktivitetar og datoar. Dette vil bli lagt ut som hending på Facebook og medlemmane vil få ei påminning på epost.

Hordaland regionlag ynskjer ellers alle kollegaer i landet ein fin arbeidshaust.

Følg oss gjerne på Facebook og me tek alltid i mot saker og synspunkt på hordaland@tolkeforbundet.no.

Administratorprofil for Tolkeforbundets nettsider. Skriver sjelden noe som helst, og svært lite selvstendig. Alt jeg gjør har noen andre gjort. - Takk til de!

Leave a Reply

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord