Å bestille et samarbeidsprosjekt!

Å bestille et samarbeidsprosjekt!

(saken er skrevet av Tine Hjartnes Henjum)

Etter mange år brakk har no Trøndelag regionlag gjenoppstått frå dei døde. På informasjonsmøte i mars vart det valgt nytt styre, og driftige som dei er har dei allereie satt opp ein plan for møtepunkter våren 2013.

Å bestille tolk, er å bestille et samarbeidsprosjekt

Første fagkveld er no gjennomført (med stor suksess), og det var Charlotte Agerup som fekk æra av og vere førstekvinne ut for å gi oss fagleg input. Agerup, som til vanleg jobbar på Statped Midt som rådgivar og læremiddelutviklar hadde eit interessant foredrag ho kalla «Å bestille tolk, er å bestille et samarbeidsprosjekt».

Tenkte å skissere kort dei hovudpunkta ho tok opp, slik at dei som ikkje har hatt mogelegheita for å sjå det kan få med seg essensen. Foredraget handla om korleis ho som døv brukar og bestillar av eit oppdrag kan bidra som ein samarbeidande part. Dette både før, under og etter eit oppdrag. Samhandling i forkant av situasjonen vil gjere samarbeidet og situasjonen betre. Gjennom å førebu tolken slik at det endelege bodskapet blir lagt fram best mogeleg, avklare samarbeidsområder og skape ei felles forståing for oppdraget tar den døve brukaren ansvar for eigen situasjon. Ved å vere ein del av dei tverrfaglege og dynamiske prosessane som skjer undervegs, ta imot ei teneste og samtidig bestille og formidle denne, utviklar ein samarbeid med tolken. Ho påpeika òg viktigheita av å ha ei grunnleggande forståing av tolkeyrket.

I sjølve tolkesituasjonen er det viktig å oppretthalde det gode samarbeidet mellom den døve brukaren og tolken. Er begge godt forberedt og har ei felles forståing er dette eit godt grunnlag. Undervegs kan ein komme med konstruktive tilbakemeldingar og oppmuntringar til kvarandre. Gjennom å vise forståing og ta kjappe avgjørsler aleine eller saman med tolken kan situasjonen bli betre.

Relasjon tolk – brukar

Noko ho prata mykje om var relasjonane i samarbeidet. Korleis er relasjonane mellom tolk og brukar (både høyrande og døv)? Profesjonaliteten i samarbeidet ligg hos begge partar, inkludert den døve tolkebrukaren, meiner Agerup. For å skissere poenga gav ho oss nokre case i etterkant av foredraget som vi diskuterte i grupper. Eit av dei illustrerer godt samarbeidsperspektivet som nevnt over;

«Jeg skal på et oppdrag der jeg vet det bli mye stemmetolking. Jeg vet at de fleste tolker synes stemmetolking er vanskelig. Hvordan gjennomføre oppdraget best mulig?»

Godt samarbeid er viktig

Korleis kan tolk og døv brukar samarbeide (både i forkant, undervegs og etter) i denne situasjonen for at den skal bli best mogeleg for alle partar? Og korleis kan ein samarbeide etter at oppdraget er gjennomført for at det skal kjennes greit for begge partar? For å sitere Agerup sjølv «Eg er bestillar før – under – og etter eit oppdrag». Mange tolkar ønsker tilbakemelding på eigen tolking i etterkant av situasjonen. Det er viktig med tilbakemeldingar for at ein skal kunne utvikle seg og bli betre, men når skal denne gies? Og korleis? Og er begge partar villig til å ta konsekvensen av tilbakemeldingane? Dette var berre nokre av spørsmåla som Agerup stilte. Ho drog fram mange aspekt som vi alle kjenner oss igjen i, og som vi skulle ønske fleire var bevisste på. Viktigheiten av samarbeid må ikkje bli gløymt.

Sett frå eit tolkeperspektiv var kvelden veldig nyttig og fin. Oppmøtet var stort; ein god blanding av både studentar (på alle trinn) frilanstolkar, og ansatte tolkar. Vi møtte kollegaer på tvers av arbeidsstad og tolkebakgrunn. Unge og eldre tolkar i ein herleg harmoni. Og praten satt såklart veldig løst. Det lovar godt for framtida for Trøndelag regionlag.

Administratorprofil for Tolkeforbundets nettsider. Skriver sjelden noe som helst, og svært lite selvstendig. Alt jeg gjør har noen andre gjort. - Takk til de!

Leave a Reply

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord