Tolking i arbeidslivet – Seminar i Trondhiem

Tolking i arbeidslivet – Seminar i Trondhiem

I samarbeid med Signo Midt-Noreg og Statped Midt arrangerte NAV Hjelpemiddelsentral seminar 21-22. mai om tolking i arbeidslivet. Rundt 50 personar deltok, og hele to dagar var fylt med forelesningar og diskusjonar.

Møterommet på Sandmoen der NAV Hjelpemiddelsentral Sør-Trøndelag holder til var fint pynta med vårlege løvetenner og grøne blad. Det var duka for seminar. I samarbeid med Signo Midt-Noreg og Statped Midt arrangerte NAV Hjelpemiddelsentral seminar 21.-22.mai om tolking i arbeidslivet. Rundt 50 personar deltok, og i løpet av to dagar fylt med forelesningar, diskusjonar, matpausar og ein triveleg middag fekk vi eit innblikk i korleis vi tolkar i arbeidslivet rundt om i Noreg. Og variasjonen er stor. Nokre fylker tolkar mykje for hørselshemma i arbeidslivet, andre ikkje. Felles er at all tolking i arbeidslivet ligg under NAV Hjelpemiddelsentral, då lova om tolketjeneste er hjemla i Folketrygdlova som NAV forvaltar. Likevel er organiseringa av tolketjeneste ulik i dei ulike fylka.

Tolking i arbeidslivet

Dette prata Berit Søgård, seksjonsleiar på NAV Hms Sør-Trøndelag, Agate Drivvold frå Statped Midt og Lisa Dimmen Jystad frå Signo Midt-Noreg om; samarbeidet dei i mellom om tolking i arbeidslivet og korleis dette fungerer i Sør-Trøndelag. Statped og Signo er NAV si forlenga arm gjennom si organisering med tolk på arbeidsplass. Dei tre nemde institusjonane har eit tre-partssamarbeid som fungerer godt, og dei drar nytte av kvarandre. Institusjonane sjølv har arbeidsplassar dei gir tolketjeneste til, men kan heile tida bistå kvarandre om det skulle vere behov for det.

Hjelp – vi har tolk på kontoret. Eller?

Korleis verkar så den tenesta vi gir på brukarane våre? Ole Gunnar Moen, høyrande brukar av tolk på ein arbeidsplass hadde saman med Marte Birkeland Skoglund, som er fasttolk ved arbeidsplassen eit spennande foredrag. Ole Gunnar fortalte om sine erfaringar og opplevingar med bruk av tolk, både av positiv og negativ art. Han prata mykje om samarbeidet han har hatt med tolkane, og kvifor dette har fungert bra. Kva som vart gjort i forkant av informasjon frå NAV før den døve lærlingen starta, samt måten tolkane opptredte på var avgjerande for at arbeidsplassen tok i mot lærlingen, meinte han. Faste tolkar gav tryggheit, og gav kontinuitet og var mindre slitsamt enn det å skulle forholde seg til nye ansikt kvar dag. Dei gav òg tillit fordi dei verka dyktige og etisk bevisste. Samarbeidet mellom han og tolkane fungerte bra, og det var godt med rom og tid for å diskutere og drøfte fagspråk og fagomgrep. Å sette av tid til dette samarbeidet såg han på som ein av faktorane til at arbeidskvardagen fungerte så bra som den gjorde. Gjennom gode samarbeidsmøtar der alle partar kunne komme med innspel fekk han eit innblikk i kva tolkane tenkte på og kva utfordringar dei møtte på, noko han syns han var positivt og lærerikt å få fram. Lærlingen hadde her mogelegheit til å ta opp ting han/ho ville, og han som høyrande part kunne komme med tilbakemeldingar og innspel som var viktige for han.

Ein annan ting han prata mykje om var tillit til tolken. Både frå han som høyrande, men ikkje minst frå døv part i samarbeidet. Skulle samarbeidet fungere optimalt måtte tilliten vere tilstade frå begge partar. Viktigheita av at alle partane i situasjonen respekterer kvarandre og sin kultur, sitt arbeid og sin profesjon. Han meinte òg at det var viktig å aktivt ta i bruk den kommunikasjonskompetansen som tolkane innehar. «For eg har jo etterkvart skjønt at dei har mykje kompetanse på kommunikasjon», sa han med eit lurt smil.

IMG_9187Gjennom to år med bruk av tolk på kontoret, som kanskje i starten var litt «Hjelp – vi har tolk på kontoret!» til å gå over til «Vi har tolk på kontoret – men det er jo ikkje noko stort problem», hadde han ei «smørbrødliste» som han meinte vi som tolkar kan vere obs på når det er snakk om ein ny arbeidsplass der det skal tilretteleggast med tolk. Ting som er kjekke å vite for høyrande part, som vi som er i tegnspråkmiljøet kanskje tar for gitt at dei forstår sjølv. Sjølv hadde han eit stort informasjonsbehov, spesielt i starten og fekk «dryppvis» informasjon frå tolkane som var der undervegs. Noko av denne informasjonen meinte han likevel kunne vore introdusert i starten (sjølv om han etter spørsmål frå salen om han hadde vore mottakeleg for all denne informasjonen, nok måtte innrømme at det kanskje hadde vore litt voldsomt med så mykje informasjon på ein gong). Men, eit tilbod om informasjon, og ikkje minst det at arbeidsplassen (eller partane som skal jobbe tett med den hørselshemma) takker ja til slik informasjon såg han på som viktig. Han ville vidare gjerne hatt informasjon om at det er stor variasjon i hørselshemming. Han ønska seg informasjon om døvekulturen, at tegnspråk har ein annan ordstilling og gramatikk enn norsk – at ansikt og munn er minst like viktig som tegna som gjerast med hendene, at det fins dialekter osv. Vidare prata han om inkludering – korleis inkludere ein døv best mogeleg i eit kollegium? Korleis kan han opptre slik at døv part blir inkludert? Korleis gjere den døve oppmerksom på at du er der utan å skremme? Det å bruke tolk. Kor skal tolken stå? Kor skal den høyrande stå? Kor bør den døve stå? Om kommunikasjon mellom høyrande og døv via tolk; ikkje snakke direkte til tolken men til den døve, ikkje prate og peike på tavla samtidig, ikkje snakk med tolken utan at det tolkast osv. Om det å bruke tolk på ulike arrangementer; skal tolken ha mat? Kan dei få mat? Er det vanleg at dei får mat? Kva skal vere med i bestilling av tolk? Og kor mykje tolk treng ein eigentleg? Her skulle han sjølv ønska seg eit forslag frå Hjelpemiddelsentralen, då han som ny bestillar av tolk ikkje hadde peiling på kva som var vanleg og kva som var riktig antall timar med tolk om dagen/veka. I hvert fall i starten då alt var nytt hadde dette vore flott, meinte han. Vidare prata han om kva type hjelpemidlar ein kan nytte seg av når ein har ein døv kollega; tolk, bildetolk, direktemeldingar osv. Og korleis klare seg utan tolk? Om det mot formodning skulle begynne å brenne, kva gjer ein då? Kva er rutinen rundt dette? Informasjon rundet det at det er lov å klage på tolken, men kor henvendar man seg i tilfelle?

Han hadde gjort seg mange tankar og hadde mange spørsmål rundt det å skulle samarbeide med ein tolk i det daglege. Sjølv om han var veldig positiv til det, hadde han òg opplevd situasjonar som ikkje var så positive. Som til dømes den gongen det dukka opp ein annan døv som skulle vere på arbeidsplassen på utplassering. Ikkje at det var negativt, men diskusjonen rundt kven som skulle ha ansvaret for tolkinga for vedkommande; var det dei faste tolkane som var der til vanleg, eller dei tolkane som fulgte den døve eleven? Her kunne betre samarbeid mellom instansar bidratt til at dette problemet og konflikten som oppstod kunne vore unngått. Dette er ein lærdom som vi må ta til oss, vi som jobbar med tolking på tvers av institusjonar. Og kanskje gir det oss eit dytt bak til å utvikle eit endå nærmare samarbeid oss i mellom?

No må det seiast at ikkje alle høyrande tolkebrukarar er som Ole Gunnar. Ikkje alle er like positive, reflekterte og lærevillige som han. Dessverre. Men, kva gjer ein då, om ein som tolk tolkar ein stad der ikkje folk tar sin del av ansvaret? For kven har eigentleg ansvar for at alt fungerer?

Kritiske overgangar, eit prosjekt

Solfrid Røstad, rådgivar ved NAV HMS Sør-Trøndelag informerte litt om eit prosjekt som ho har leda i regionen. I prosjektet var det over 30 samarbeidspartnarar som alle hadde med hørselshemma å gjere. Prosjektet heitte «Kritiske overgangar», og tok for seg overgangane dei hørselshemma tegnspråklege møter gjennom åra: frå barneskulen til ungdomsskulen, frå ungdomsskulen til vidaregåande, og frå videregåande og ut i høgare utdanning eller arbeid. Slik situasjonen har vore før har ein sett at alle desse overgangane har vore kritiske av den grunn det må etablerast nye rutinar og tilrettelegging rundt den hørselshemma eleven. Og kven har ansvar for det? Prosjektet resulterte i ein rapport, som kan lesast på www.nav.no, samt eit årshjul der det er skissert opp kven som har ansvar for kva, og når dei har ansvar for at det skal settast i gong. På denne måten skal ein sikre at overgangane ikkje vert så kritiske for den hørselshemma. Sjølve prosjektperioden og prosjektet er no avslutta, men arbeidet rullar vidare, men no med namnet «overgangar».

Erfaringar med overgangar

Ei som har opplevd slike overgangar, og som òg var medverkande i prosjektet hadde neste forelesing. Merete Flatås er sjølv hørselshemma og avslutta i fjor si master med fokus på studentar med usynlege funksjonsnedsettingar. Ho la fram sitt eige perspektiv på det å vere hørselshemma og dei overgangane ho har opplevd. Korleis har overgangane vore for ho? Kva har ho lært gjennom å bruke tolk og anna tilrettelegging gjennom studier og jobb? Merete var opptatt av viktigheita av nok informasjon. Både til den hørselshemma om kva ein har krav på, og kva ein kan forvente seg, men òg til dei personane som er rundt som lærarar og medelevar/arbeidskollegaer. Men, kven gir så denne informasjonen? Som tidlegare elev i vidaregåande skule med tolk skulle ho ønske at lærarane gjorde ein større innsats for å inkludere alle i klassen slik at det ikkje vart eit skilje mellom dei tegnspråklege og dei høyrande. Enkel kommunikasjon til klassen om korleis ein skulle forholde seg til dei elevane som høyrte dårleg, samt oppfølging av at hensyn vart tatt, var noko ho sakna. I likheit med Ole Gunnar sa ho òg at ønske om informasjon må vere tilstades for at det skal ha noko hensikt. Om mottakar ikkje er tilgjengeleg for det der og då, ta det opp igjen når det er gått ein stund, og ein vil kanskje sjå behovet på ein annan måte.

Gjennom åra og overgangane som var fylt med mange nye inntrykk og mykje nytt å sette seg inn i samt ein stor dose usikkerhet forsvann fokuset på samarbeidet med tolken. Tolken kom, tolka og gjekk igjen. Men er det slik det fungerar? Sånn optimalt sett? I løpet av studietida, ulike studiestader og studium fekk ho med varierande grad hjelp til papirmølla som ho måtte gjennom før ho starta på ein ny stad. Skjema skulle fyllast ut, det skulle tilretteleggast med både teleslynge og tolk. Etter nokre år som student var ho meir sikker på sitt eige behov, og visste kor ho skulle henvende seg for å få det praktiske gjennomført. Først då hadde ho tid og energi til å fokusere på samarbeidet med tolkane. Og kanskje først då såg ho viktigheita av tett samarbeid. For samarbeid er viktig for at studieløpet skal gå så bra som mogeleg, og det er gjennom dette samarbeidet ein lærer kva ein ønskar og ikkje ønskar av ein tolk.

Sosialisering og erfaringsutveksling, tull, tøys og middag

Gjennom gruppediskusjonar etter lunsj fekk vi fordøyd litt av alle dei innputta vi hadde fått gjennom dagen. Det var spennande å høyre korleis andre fylker har organisert den tolketjenesta dei gir til brukarane sine. Og diskusjonen om korleis og kva informasjon som trengs på ein arbeidsplass og ikkje minst kven som har ansvaret for å gi denne informasjonen var ein av dei tinga vi diskuterte. Vi såg fort at det var forskjell på det å tolke i eit fylke med mange ressursar kontra eit fylke med kanskje ein-to ressursar. Korleis organisere ressursane på best mogeleg måte slik at brukarane kan få det same tilbodet uansett kor dei bur? Håpar at deltakarane gjennom seminardagane fekk utveksla informasjon og at barrieren for å ringe til kvarandre og søke hjelp ikkje er så stor. Vi må spele på kvarandre sin kompetanse. Eit av forslaga som vart diskutert var ein kombinasjon mellom det å «snikinformere» samt at det er eit offisielt krav om informasjon når ein får innvilga tolk. Altså, litt ”opplæring” og informasjon må til før ein får innvilga tjenesten. Kanskje dette kan vere ein positiv måte å nå ut til folket på?

Puh! Første dag var over og vi (i hvertfall eg) satt igjen med mange fine inntrykk. Desse fekk vi fordøyd og prata om over ein koseleg middag torsdag kveld.
Fredagen starta med felles quiz der alle fekk bryna seg på allmennkunnskap samt nyheiter innan tegnspråkmiljøet. Kva heiter eigentleg radioprogrammet som no er tilgjengeleg på tegnspråk? Alle var engasjerte, vakne, og klare for ein ny dag.

Å vere tilstade på ein god måte

Ei anna som var engasjert var foredragsholdaren som hadde regi over heile fredagen. Sara Beth Evans-Jordan er opprinneleg frå USA og har jobba som tegnspråktolk der i mange år. Ho har nettopp levert si masteroppgåve her i Noreg. Oppgåva har tittelen ”Å være til stede på en god måte” og fokuset i oppgåva er tolking i arbeidslivet. Ho beskriv tolken som ein linedansar mellom dei to kulturane; døvekulturen og den høyrande kulturen. Tolken er tilstade og ser kva som skjer, ser kommunikasjonen og er den einaste med full tilgang til heile samtalesituasjonen. Tolken «ser» mykje som partane ikkje sjølv er i stand til å sjå. Likevel er tolken der som eit fremmedelement i situasjonen, og kan virke både kommunikasjonshemmende og kommunikasjonsfremmende. «Den nye usynligheten er begrunnet deltagelse som motvirker den fremmedelemt-effekten» skriv ho i si power-point presentasjon.

Vidare snakka ho om det å jobbe på tospråklege arbeidsplassar. Kva skal til for at ein arbeidsplass skal vere tospråkleg? At det eksisterer to språk der, ja, men kva meir? Er tolken eit hinder for at det skal utvikle seg ein tospråkleg kultur på arbeidsplassen? Er tolk ein slags «sovepute» som er med på å videreføre audisme på arbeidsplassen? Omgrepet audisme kan forklarast som diskriminering, stigmatisering på grunn av (manglande) hørsel. Ideèn om at den døve sitt liv ikkje er likeverdig med den høyrande. «Lett tilgang til tolk bidrar til at hørende kollegaer, som kan noe tegnspråk, baserer seg på tolkehjelp istedenfor å bruke det de kan. Hørende, som ikke behersker tegnspråk, kan på grunn av ordningen velge bort egen opplæring i tegnspråk» (ECON Rapport 2004:29). I følge Sarah handlar det om forventningane om og til tospråklighet også. Forventar miljøet at folk er interessert og vil lære seg å kommunisere direkte og ikkje gjennom tolk ville ikkje det vore noko problem. Diskusjonen rundt tolken som både kollega og tolk på slike arbeidsplassar hadde ho gjennom masteroppgåva sett at folk ikkje såg på som noko problem. Gjennom bevisstgjering, tillit og profesjonalitet frå alle partar var denne rollefordelinga klar.

Ho såg òg på tolken sitt handlingsrom og på NAV-tolken (med NAV-skilt) og den spenninga som er mellom plikt- og konsekvensetikken. NAV sitt overordna mål gir NAV-tolken «plikt» til å agere på ulike måtar. Dei har andre å spele på i situasjonar som treng diskusjon, og kan sette inn andre nøytrale partar som til dømes rådgivarar. NAV-skiltet gir dei makt til å opptre og til å samordne i stor grad. Eller? For ein tolk som er fast på arbeidsplassen (og ikkje har NAV-skilt) ligg det kanskje forventningar til at «tolken berre er tolk», og ein kan dermed føle at henda er meir bundne. Det er ikkje like lett å bli ”høyrt”.
Gjennom heile foredraget fekk vi tid til å diskutere to og to saman, og i grupper, og summevolumet var over innestemme-nivå. Det å vere tilstade på ein god måte treng ikkje vere så lett. Korleis kan tolken bidra til dette? Kva gjer det vanskeleg for tolken å føle at han/ho er tilstade på ein god måte? Er dette noko vi gjer? Ikkje gjer? Bør gjere?

Tolking i den sosiale modellen

Etter lunsj (og endå meir pauseprat) forelas Sarah om tolking i den sosiale modellen. I denne modellen ligg tanken om at funksjonsnedsetting ikkje er det same som funksjonshemming. Funksjonsnedsetting er noko vi alle er belasta med (t.d ser dårleg – bruker briller, plattfot – bruker såle, osv) og er ikkje statisk over tid, men endrast heile tida. Funksjonsnedsettinga blir ei funksjonshemming først når det følgjer ei ulempe eller ein negativ effekt av funksjonsnedsettinga. Altså, den oppstår og forsvinn i kontekst. Ein døv person er dermed ikkje funksjonshemma i Døveforeninga, men vil vere det andre stader i samfunnet på grunn av manglande hørsel. Mange døve sjølv motseier det at dei er funksjonshemma; dei er medlem i ein lingvistisk og kulturell minoritet.
Korleis ser vi som tolkar og inne i miljøet på dette temaet? Kva seier vi til venner og familie? Samfunnet blir flinkare til å akseptere ulikheitar, og store arrangement vert no tilrettelagt for døve med tolk på arrangøren sitt eige initiativ. Av og til. Men, det er jo ein start. Den sosiale modellen kan støtte tolken sin yrkesutøving ved å sjå på døve som ”våre likemenn i alle måter” unntatt hørsel.

Minetegn og Tegnwiki

Camilla Jin Berg som til vanleg jobbar som tolk ved Statped Midt viste oss det nye innan tegndeling og diskusjonar på nett. Minetegn.no kjenner vel dei fleste kanskje til? Ein kan lage seg profil og ei eiga tegnordbok og legge inn sine tegn i den. Ein kan også plukke tegn får den allereie eksisterande tegnordboka. Di eiga tegnordbok kan du dele med dei du vil, gi dei eit gjestebrukarnamn og passord. Denne ordninga er flott for allereie eksisterande tegn og er eit verktøy for tolking på faste stader. Tegnwiki er no inne i ein oppstart- og utprøvingsfase, og fekk ein kickstart etter at facebookgruppa ”Tegnutveksling og –diskusjon” vart oppretta. Gruppa på Facebook har i skrivande stund 1093 medlemmer og det diskuteres tegn og tegnspråklege løysningar på kryss og tvers mellom døve, tunghørte, tolkar, foreldre med døve barn, lærarar osv. Det einaste som er dumt med sida er at det ikkje er mogeleg å legge inn video i svarfeltet. Ein må altså beskrive med skrift korleis eit tegn skal utførast. Og det er jo ikkje alltid like lett, verken å forklare forståeleg eller å forstå andre sine forklaringar. Tegnwiki vart difor satt meir aktivt i gong, og målet er at det skal vere ein arena der ein kan diskutere tegn og løysningar med visuelle bilete. Til no ligg det ikkje mange tegn på Tegnwiki, men det vil etter kvart bli fleire og fleire. For å få tilgang kan ein sende mail til Camilla eller Charlotte Agerup, som òg er involvert i prosjektet. Om ein ikkje har lyst på sitt eige hovud på film kan ein sende forslaga til dei, og dei spelar inn. Viktig å hugse på at dette berre er forslag til tegn, det er ikkje slik at det som er spelt inn er fasiten. Camilla har òg tatt jobben med å plukke ut nokre av dei tegna som er mest diskutert på Facebookgruppa og overført dei alternativa som er skissert der til Tegnwiki. Poenget er at det skal vere ei levande side der ein kan diskutere og vise dei ulike variasjonane i språket.

Helg i vente

To dagars seminar var over, dei gule løvetennene hang litt med hovudet, og vi var alle slitne og lengta etter helg. Nokre dagar til å fordøye alt vi hadde fått med oss. Det er godt å sitje slik og berre ta i mot fagstoff, og ikkje heile tida måtte prestere sjølv. Håpar seminaret gav gode refleksjonar over kva vi gjer og kva vi kan gjere betre, og ikkje minst korleis. Håpar det gav inspirasjon til å fortsette jobbinga (tolkinga) for at folk skal få eller bli værande i arbeid. Det er NAV sin visjon, og dermed vår. Ikkje sant?

Bergensjente i Trondheim. Jobbar 80% på NAV Hjelpemiddelsentral Sør-Trøndelag som tolk og 20% som timelærar på HiST. Sit i styret i Trøndelag regionlag og tar ansvar for nynorskkvota frå Trøndelag ;)

Leave a Reply

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord