Tolken sitt handlingsrom – ein fagkveld i regi av Trøndelag regionlag

Tolken sitt handlingsrom – ein fagkveld i regi av Trøndelag regionlag

Tolken sitt handlingsrom og andre dilemma.

Eg var litt seint ute til medlemskvelden torsdag 10.september 2015. Eller, seint og seint, klokka var 19.10 og det starta kl.19.00, men eg var likevel så seint ute at eg fekk den siste ledig sitteplassen i lokalet. Trøndelag regionlag hadde invitert til medlemskveld med tema «Tolken sitt handlingsrom», og dette var tydeleg interessant. Sjelden har det vore så mange på eit arrangement i regi av regionlaget. 37 personar satt i rommet på Ni Muser klare for å vere sosiale og diskutere fag. Hurra!

Leiaren av regionlaget, Thea, ønska velkommen og gav ordet fort vidare til hovedkvinna for kvelden, Lene Karin Robertsen. Ho jobbar som tolk på NAV HMS i Sør-Trøndelag og tar samtidig ein master i praktisk kunnskap ved Universitetet i Bodø. Driftig dame, altså. Gjennom sine 17 år som tolk har ho tileigna seg stor og brei erfaring innan tolkefeltet, på det å vere tolk, ulike situasjonar og dilemma ein opplever ute på oppdrag. Utfordringa er å setje ord på det. Kva ord skal ein bruke? Kva betyr orda ein brukar? Som deltidsstudent i Bodø er ho saman med andre profesjonar, det er ein tverrfagleg klasse, og Lene Karin er den einaste tolken. Ho må då fortelle om sitt yrke slik at dei andre forstår kva det innebærer og kva utfordringar ho møter i kvardagen. Korleis gjer ein det? Kva ord brukar ein slik at folk forstår? Lene Karin drog blant anna fram omgrepet «tolkerolle». Kva er det? Korleis kan ein definere ein tolkerolle? Vil ikkje den endrast litt utifrå situasjon til situasjon? Eller er den klar og tydeleg? Har vi alle samme oppfatning av kva tolkerolla er? Er vi einig?

Lene Karin delte ut eit essay ho sjølv hadde skrevet med med bakgrunn i eit oppdrag. Essayet dannar utgangspunkt for masteren hennar, og det startar slik:

Jeg tar telefonen som ringer på nattbordet, klokka er halv tre på natta. Før jeg svarer ser jeg på displayet at det er tolketjenesten sin akuttvakt som ringer. Jeg svarer, lytter og fortsetter samtalen med å si at det er greit og at jeg kan dra. På vei til sykehuset mottar jeg en kort sms med informasjon om oppdraget. Det gjelder ei døv jente. I det jeg ser initialene og skjønner hvem det er, kjenner jeg både lettelse og redsel. Jeg får bekreftet at hun er i live, men jeg vet ikke hvilken tilstand hun er i.

Fengande start. Vi vil alle vite kva som skjer vidare. Mange av oss kjenner igjen kjensla. Kjensla av at dette kan bli tøft. Her kan eg møte kva som helst. Her må eg opptre profesjonelt. Eg – tolken, her kjem eg. Eg som skal gjere kommunikasjonen mellom partane mogeleg. Eg som ikkje skal legge til eller trekke fra. Eg som kan begge språk og som skal opptre profesjonelt. Samtidig er eg eit medmenneske. Eg er ikkje ein maskin. Eg har også kjensler. Som tolk må eg ofte ta val. Val som vil påvirke heile situasjonen og kanskje utfallet av den også. Som tolk har eg makt. Stor makt. Kva gjer eg med den? Kva alternativar har eg? Kva handlingsrom har eg? Kva gjer eg med det?

Vi diskuterte i smågrupper. Blandinga av forsamlinga var fin, det var både «garva» og nyutdanna tolkar der. Det var studentar og høgskuleansatte. Det var døve og høyrande. Og det var mange meiningar. Det likar vi! Mange brukar omgrepet «taus kunnskap». «Det finnes mykje taus kunnskap hos tolkane» seier nokon. Ting som er kjekk å vite, som ikkje står nokon stad, men som berre er sånn. Ting som er erfart. Det omgrepet gir meg gåsehud, sa Lene Karin på flytande tegnspråk. Ja, for møtet foregjekk på tegnspråk denne gongen. Fleire døve var tilstade og det var artig å sjå at alle diskusjonar foregjekk på språket vi jobbar med til vanleg. Men, nok om det. Tilbake til handlingsrommet tolken har, dei vala ein tolk må ta. Den makta han har. Lene Karin sa blant anna at for å vere ein god profesjonsutøvar må ein inneha både relasjonskompetanse og handlingskompetanse i tillegg til språkkompetansen. Det er vi vel alle einig i. Men kjem desse formene for kompetanse nokon gong i konflikt med kvarandre? Tar den eine kompetansen meir fokus enn dei andre? Kva gjer vi då? Kva kompetanse «vinn» i situasjonen? Då er vi tilbake til omgrepet «tolkerolle». Kva inngår eigentleg i vår rolle som tolk?

Vidare i essayet kunne vi lese ei beskriving av ein situasjon med ein sjukehusansatt med litt for hard stemme, etter vår smak. Litt for kvass, litt bisk, og ikkje så medmenneskeleg mot den døve pasienten som vi skulle ønske. «Det må nå kunne gå ann å opptre profesjonelt og vennleg», tenker nokre av oss. Vi har vel alle vore der. Tenkt det i situasjonen. Men det skal jo ikkje vi bedømme, vi skal jo «berre» tolke. Gjere kommunikasjon mogeleg mellom partane. Og i det ligg å formidle det som blir sagt slik det blir sagt. Begge vegar. Frå stemme til tegn og frå tegn til stemme, begge skal gjerast så ekvivalent som mogeleg. Det er vår jobb. Men så kjem relasjonskompetansen inn. Og medmenneskeligheita vår. Kor langt kan vi strekke det omgrepet? Medmenneskeleg. Kva er det å vere medmenneskeleg? Og når skal ein vere det? Kor går grensa mellom å yte ei teneste og det å være medmenneskeleg? Og korleis ser ein på profesjonalitet og medmenneskeligheit? Kan ein setje desse to omgrepa opp mot kvarandre? Eller kan ein setje eit plusstegn i mellom, kan ein vere begge deler, både profesjonell og medmenneskeleg? «Eg opptrer profesjonelt». Kva betyr det? Kva ligg i det omgrepet?

Det er vondt å se på, vondt å være i rommet og vondt å være tolk. På nytt vurderer jeg om jeg skal gå ut, for det er ingen kommunikasjon her, sykepleieren er ikke tilstede. Eller skal jeg bli, kanskje vil hun føle jeg svikter henne om jeg går ut nå. Jeg har tolket mye for henne, hun stoler på meg. Plutselig sier hun: «Ikke gå du også, jeg klarer ikke være alene når jeg dør …»

Kort oppsummert:

Ein kjempeflott kveld med gode refleksjonar og fine diskusjonar i grupper og plenum. Mange spørsmål, og ikkje så mange konkrete svar. Å vere tolk er ikkje lett – ein har eit handlingsrom som ikkje er tydeleg definert, og som ein justerar og vurderar for kvart oppdrag. Det som er ok i ein situasjon er kanskje ikkje like ok i neste. Brukarkjennskap og samarbeid er også viktige stikkord i denne samanhengen. Vi som personar vil også ha forskjellige meiningar om kva som er ok å gjere som tolk og ikkje. Felles er at vi skal vere profesjonell. Men kva betyr det å vere profesjonell? Kva kjenneteikner ein profesjonell tolk? Vi er tilbake til den gode gamle diskusjonen kva ein tolk kan gjere og ikkje gjere. Kva han skal gjere og ikkje gjere. Diskusjonen kjem aldri til å ta slutt, og det gjer grunnlag for refleksjon og diskusjon rundt faget vårt. Tommel opp for fagleg utvikling!

Skrevet av Tine Hjartnes Henjum, medlem av styret i Trøndelag regionlag.

Bergensjente i Trondheim. Jobbar 80% på NAV Hjelpemiddelsentral Sør-Trøndelag som tolk og 20% som timelærar på HiST. Sit i styret i Trøndelag regionlag og tar ansvar for nynorskkvota frå Trøndelag ;)

Leave a Reply

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord